Yt etter evne, få etter behov med Olaug Nilssen og Endre Ruset

I romanen «Yt etter evne, få etter behov» får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han. Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finnes det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie? Olaug Nilssen vann nyleg P2-lyttarane sin romanpris og vart også nominert til Brageprisen i fjor. Endre Ruset leiar samtalen og vil i tillegg til tema frå Olaug sin siste roman løfte fram høgdepunkt frå fleire av bøkene ho har gitt ut. Arrangementet er gratis og er eit samarbeid mellom Kirkefestveka i Molde og Bjørnsonfestivalen.

Varighet 60 min